mandag 18. april 2011

Invitasjon til Proffveka i Stryn 2011

Sparebanken Vest og Stryn Fotball inviterar til ei topp treningsveke for deg mellom 13 og 16 år, frå måndag 8.aug til fredag 12.aug. Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter som ynskjer å satse på fotballen!


Proffveka i Stryn tilbyr topp kvalifiserte trenarar som gjev spelarar gode utviklingsmoglegheiter og eit innblikk i kva som krevjast for å bli ein topp fotballspelar.

Maksimalt 72 stk vert plukka ut til å delta! (36 gutar og 36 jenter)

- Det finst mange fotballskular kring om. Desse skulane er eit viktig tilbod for massen, og vi som klubbar skal først og fremst gi eit godt tilbod for alle som spelar fotball. Proffveka derimot er eit spissa tilbod for dei eldste aldersbestemte klassane. Det skal henge litt høgt å bli utplukka til å få vere med. Her må alle som melder seg på legge ved ein liten søknad om å få delta. For at det skal bli ekstra god kvalitet på treningane er det viktig forutan gode trenarkrefter, at utøvarane er på tilsvarande same nivå sportsleg, og at ein har ei avgrensing i tal utøvarar. Eit spissa fotballskuletilbod for dei beste finst ikkje i fylket. Det næraste ein kjem er sone- og toppgruppe samlingar i regi av kretsen, men desse samlingane går som regel berre over ein eller to dagar. Skal vi ta utviling av fotballspelarar alvorleg i krets og klubbar, må vi også gi eit differensiert sportsleg tilbod, seier Inge Matias Tvinnereim.

Hovudtrenarar for Proffveka i Stryn 2011

Paul Lever (tidl. akademitrenar frå Liverpool, jobbar no for det engleske fotballforbundet FA)
Roar Wold (landslagstrenar J 16)
Freddy Butler (spelarutviklar i Sogndal)
Stig Nord (trenar III)
Johann Sigurdsson (trenar III)
Jon-Terje Tjellaug (trener II)
Terje Skjeldestad og Skjeldestad Keeperskule.


--------------------------------------------------------------------------------

Invitasjon

Her kan du laste ned heile invitasjonen:
http://www.stryn-fotball.com/images/Proffveka/invitasjontilproffvekaistryn2011.pdf
--------------------------------------------------------------------------------

Søknadsskjema

Klikk her for å kome vidare til søknadsskjema:
http://proffveka.stryn-fotball.com/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar