tirsdag 29. juni 2010

Akademitrenar frå Liverpool til Stryn


Mangeårig assisterande manager for Akademiet til Liverpool Paul Lever kjem til Proffveka i Stryn i august.

Paul Lever har vore trenar i over 30 år. I 7 av desse åra har han vore assisterande akademi manager i Liverpool. Han har dermed jobba med nokre av dei største talenta i England som vi i dag kjenner att frå Liverpool og ulike landslag.

I dag jobbar Paul Lever som instruktør for det engelske fotballforbundet.

- Vi har lenge jobba med å få på plass ein trenarkapasietet som dette, og er sjølvsagt veldig fornøgd med å få Paul Lever på plass, seier sportsleg ansvarleg for Proffveka Johann Sigurdssson.

Last ned invitasjon og påmeldingsskjema her

onsdag 23. juni 2010

PROFFVEKA I STRYN

Topp treningsveke for deg mellom 13 – 16 år

Måndag 9.aug – Fredag 13.aug 2010

Drøymer du om å nå langt på fotballbana og bli ein endå betre fotballspelar?
Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter mellom 13 – 16 år som ynskjer å satse på fotballen! Maksimalt 64 stk vert plukka ut til å delta! (32 gutar og 32 jenter)

Proffveka i Stryn tilbyr topp kvalifiserte trenarar som gjev deg gode utviklingsmoglegheiter, tilbakemeldingar og eit innblikk i kva som krevjast for å bli ein topp fotballspelar.

Hovudtrenarar for Proffveka i Stryn:
Stig Nord (Trenar III), Johann Sigurdsson (Trenar III), Edvard Nordang (Trenar III), Jon-Terje Tjellaug (Trener II). To A-lags spelarar frå Sogndal kvar dag

I tillegg vert det jobba med fleire kapasitetar både på trenarsida og på seminaret. Følg med på www.proffvekaistryn.blogspot.com , www.stryn-fotball.com og Proffveka i Stryn på Facebook

Fotballseminar torsdag 12.august frå kl 18.00 med m.a.:
Harald Aabrekk (Hovudtrenar Sogndal Fotball)
Jo Inge Gåsvær (Fysisk trenar for m.a Sogndal Fotball)

Påmelding innan 9.juli til Stryn Fotball, Hegreveien 17, 6783 STRYN. (Sjå skjema nedst)

Pris pr utøvar, Proffveka:
A-kort: Treningsavgift, utstyrspakke frå Umbro, seminar, overnatting* og 3 måltid: kr 2250,-
B-kort: Treningsavgift, utstyrspakke frå Umbro, seminar og lunsj: kr 1650,-
*Overnatting på skule


Program for Proffveka:

Måndag 9. aug:
16-19.00: Innkvartering og registrering, Stryn Stadion
20:00: Fotballtrening Stryn Stadion

Tysdag 10. august:
09:00: Frukost
10:00: Fotballtrening
12:00: Lunsj
13:00: Fagleg utviklingsdel
15:00: Fotballtrening
18:00: Middag
20:00: Sosial aktivitet

Onsdag 11.august:
09:00: Frukost
10:00: Fotballtrening
12:00: Lunsj
13:00: Fagleg utviklingsdel
15:00: Fotballtrening
18:00: Middag
20:00: Sosial aktivitet

Torsdag 12. august
09:00: Frukost
10:00: Fotballtrening
12:00: Lunsj
13:00: Fagleg utviklingsdel
15:00: Fotballtrening
17:00: Middag
18:00: Fotballseminar med m.a. Harald Aabrekk og Jo Inge Gåsvær.

Fredag 13. aug:
10:00: Fotballkampar Stryn Stadion. Slutt ca 14.00


Påmeldingsskjema

Last ned invitasjon og påmeldingsskjema her
Sendast til
Stryn Fotball
Hegreveien 17
6783 STRYN
eller til post@stryn-fotball.com

Påmeldingsfrist: 9.juli

Namn:
Fødselsår:
Adresse:
Postnr.: Stad:
E-post:
Klubb:
Posisjon på bana:

Størrelse på utstyr: Drakt/t-skjorte:____ Shorts: ___ Sokker: ____

A-kort____ B-kort:_____

5 linjer om deg sjølv (erfaring, kvalitetar, ambisjonar):



Underskrift føresatt