onsdag 30. mars 2011

Paul Lever kjem tilbake til Stryn og Proffveka!


Paul var ein fantastisk ressurs for oss i fjor, og vi er glade for å kunne bekrefte at han også i år blir ein viktig del av vårt trenarteam!
Paul har vore trenar i over 30 år. I 15 år var han trenar på akademiet til Liverpool, 7 av desse åra som assisterande akademi-manager i Liverpool.

Han har dermed jobba med nokre av dei største talenta i England som Steven Gerrard og Jamie Carragher.


I dag jobbar Paul Lever som instruktør for det engelske fotballforbundet FA.

Proffveka vert arrangert frå 8. til 12. august.

Freddie Butler kjem til Proffveka også i år!


Trenar-kabalen tek form, og vi er glade for at Sogndal sin spelartutviklar Freddie Butler også i år tek turen til Proffveka i august.
Freddie har D-trenarkurs frå USA og har vore trenar for dei to amerikanske ungdomslaga New Jersey Dinamos og Jersey Crew.

Han har og ei solid spelarkarriere bak seg med 69 landskampar for Jamaica.

Han var proff i portugisiske Toremse og i San Jose og Columbus Crew. Butler er særskilt dyktig på å jobbe med og utvikle enkeltspelarar.

Vi er glade for at han også i år har takka ja til å bidra på Proffveka, som vert arrangert frå 8. til 12. august.