tirsdag 27. juli 2010

Butler og Sandal til Proffveka

Med Butler og Sandal på plass har vi fått inn to ekstra knallsterke trenarkapasitetar under Proffveka

Freddy Butler er til dagleg spelarutviklar i Sogndal. Freddy har D-trenarkurs frå USA og har vore trenar for dei to amerikanske ungdomslaga New Jersey Dinamos og Jersey Crew.

Jamaicanaren har og ei solid spelarkarriere bak seg med 69 landskampar for Jamaica. Han var osgå proff i portugisiske Toremse og i dei amerikanske klubbane San Jose og Columbus Crew.

Butler er særskilt dyktig på å jobba med og utvikla enkeltspelarar.



Vidar Sandal har mellom anna trena Børre Steenslid og Peter Orry Larsen i Skavøypoll, og vert reikna som ein av dei beste spelarutviklarane i Sogn og Fjordane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar